Stordalsgrotta
grotte i Bardu
Stordalsgrotta er ei karstgrotte ved Bonnes i Bardu kommune i Troms. Ho er ei av dei høgastliggande og djupaste karstholene i Noreg med ei høgd på 960 moh. Grotta er 1730 meter lang og 260 meter djup. Ho inneheld eit 50 meter høgt underjordisk stup med fossefall. På grunn av store vassmengder i grotta, kan ho berre vitjast om vinteren.
Kjelder
endre- Lauritzen, Stein Erik (15. februar 2009). «Stordalsgrotten». Store norske leksikon. Henta 17. november 2013.