Storebrand
Storebrand OS (OSE: STB) er eit norsk selskap i marknaden for langsiktig sparing og forsikring. Konsernet består av selskap som tilbyr livsforsikring, skadeforsikring, kapitalforvalting og bank, retta mot privatpersonar, føretak, kommunar og offentlege verksemder.
Storebrand | |
![]() | |
![]() | |
Selskapsform | Allmennaksjeselskap |
---|---|
Org.nr. | 916 300 484 |
Skipa | 1767 |
Dotterselskap | Delphi Fondene, Skagenfondene, Det norske Garantiselskab, Storebrand Livsforsikring ![]() |
Bransje | forsikringsbransje |
Hovudkontor | Lysaker ![]() |
Styreleiar | Didrik Munch |
Adm. direktør | Odd Arild Grefstad (konsernsjef) |
Tilsette | 1 759 ![]() |
Resultat | 2 082 000 000 norske kroner ![]() |
Røtene går attende til 1767, då Den almindelige Brand-Forsikrings-Anstalt vart oppretta som ei påboden brannforsikring for bygningar i dei norske byane.
Skadeforsikringsdelen av Storebrand vart i 1999 skild ut i eit eige selskap kalla If. I løpet av få år selde Storebrand seg ut av If, men i 2006 vedtek Storebrand igjen å tilby skadeforsikring og starta eit nytt skadeforsikringsselskap som vart bygd opp frå botnen av.
Storebrand har hovudkontor på Lysaker i Bærum og har eit nett av kontor i Noreg.
Satsinga i den svenske marknaden – gjennom dotterselskapet SPP – omfattar tenestepensjon, tenester innan kapitalforvalting og helseforsikring.
Selskapet er notert på Oslo Børs med tickeren STB. Administrerande direktør i Storebrand ASA er Odd Arild Grefstad.
FusjonarEndra
Storebrand har fusjonert med fleire selskap opp gjennom åra.
På 1970-talet kjøpte Storebrand dei attverande aksjane i Det norske Livsforsikringsselskab Idun, og Storebrand-Idun vart til. Storebrand hadde ått dei fleste aksjane i Idun sidan 1923.
Storebrand og Norden fusjonerte i 1982 og vart til Storebrand-Norden.
I 1991 fusjonerte Storebrand med UNI og vart til UNI Storebrand.
I 2007 kjøpte Storebrand den svenske livsforsikringsselskapet SPP.
BørsinformasjonEndra
- Storebrand er del av OBX-indeksen på Oslo Børs. Aksjen har ticker STB.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Storebrand» frå Wikipedia på bokmål, den 9. mars 2019.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Årsrapport 2015
- Årsrapport 2014