Storhjerne
(Omdirigert frå Storehjernen)
Storhjernen eller cerebrum (latin for hjerne) visar til dei delane av hjernen som er samansett av hjernebark i dei to hjernehalvdelane.[1][2] Det plar òg å vise til strukturane som ligg under barken, nemleg hippocampus, basalgangliane og luktekolben. Hjå menneske er storhjernen den øvste strukturen i sentralnervesystemet. Telencefalon visar til den embryonale strukturen som storhjernen oppstår frå. Den ryggvende telencefalon, pallium, utviklar seg til hjernebark hjå pattedyr; den framovervende telencefalon, subpallium, utviklar seg til basalgangliar. Storhjernen blir delt inn i to nokså symmetrisk halvdelar, venstre og høgre hjernehalvdel.
Storhjernen jobbar i lag med veslehjernen for å styre alle dei friviljuge kroppshandlingane.
Fleire bilete
endre-
Diagram som visar hovudinndelinga av fosterhjernen hjå ryggbeinsdyr
-
Plasseringa til storhjernen
-
Overflata av storhjernen
-
Storhjernen sett framifrå og frå sida. Djup disseksjon.
-
Storhjernen delt i to. Hjernenhalvdel vist frå indre sida. Djup disseksjon.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Cerebrum» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mars 2015.
- ↑ Jansen, Jan; Glover, Joel (13. februar 2009). «hjerne». Store medisinske leksikon. Henta 2. mars 2015.
- ↑ Jansen, Jan (13. februar 2009). «cerebrum». Store medisinske leksikon. Henta 2. mars 2015.