Storglomvatnet

innsjø i Meløy i Nordland

Storglomvatnet er ein regulert innsjø i Meløy kommune i Nordland fylke. Magasinet er regulert for kraftproduksjon i Svartisen kraftverk i Holandsfjorden og er Noregs største vassmagasin (målt i nyttbart volum) med ein kapasitet på 3506 millionar kubikkmeter[1]. Som ein del av utbygging av Stor-Glomfjordvassdragene i Svartisen - Saltfjellet-utbygginga vedtatt i 1987, vart det bygd to større fyllingsdammar for å utvide kapasiteten, Holmvassdammen og Storglomvassdammen. To mindre vatn like ved, Holmvatnet og Litle Storglomvatn vart frå då av inkludert i Storglomvatn-magasinet. I anleggstida vart den nye Storglomvassdammen omtala som verdas høgste av denne typen med asfaltkjerne[2]. Han har ei høgd på 126 meter og har ei damkrone på 820 meter. Storglomvatnet var hovudmagasinet for Glomfjord kraftstasjon frå 1920 til det nye Svartisen kraftverk kom i drift frå 1993.

Storglomvatnet
innsjø
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Meløy
Høgd over havet 585–460 moh.
Areal 28,59 km²
Kystlengd1 45,16 km
Koordinatar 66°45′24″N 14°12′03″EKoordinatar: 66°45′24″N 14°12′03″E
Kart
Storglomvatnet
66°43′0″ N 14°12′0″ E
Wikimedia Commons: Storglomvatnet
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.
Reguleringsfelt for Svartisen kraftverk

Fotnotar endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 28. september 2007, henta 7. januar 2007 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 28. september 2007, henta 7. januar 2007