Storhjelm
Storhjelm
Storhjelm
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Ranunculales
Familie: Soleiefamilien Ranunculaceae
Underfamilie: Ranunculoideae
Stamme: Delphinieae
Slekt: Hjelmar Aconitum
Art: Storhjelm A. napellus
Vitskapleg namn
Aconitum napellus

Storhjelm (Aconitum napellus) eller venusvogn er ein blome i hjelmslekta i soleiefamilien.

Storhjelm er ein fleirårig plante Han har ein stiv opprett stengel som kan bli opptil 100-120 cm høg med flikete, blanke blad. Han blomstrar med djupblåfiolette blomar i juli til august. Storhjelm liker jamn fukt og kan trivast i sol eller lett skygge.

Nærbilde av blomen.

Storhjelm er mykje brukt som hageplante. Han er svært hardfør, og var tidlegare ein av dei mest brukte hageplantane i Nord-Noreg. Planten blei ofte brukt som «fattigmannshekk» i gamle dager. I Hornindal blei han kalla «Fruens tøffel». Andre stader blei han kalla «Studenternæse» eller «Duva». Storhjelm er ein nær slektning av tyrihjelm, som veks vilt i Noreg.

Heile planten er svært giftig. Han blei tidlegare brukt i medisin, til bedøving og som gift mot fiendar. Munkane innførte han til Noreg som klosterhageplante. Storhjelm blir svært gammal som hageplante, og kan ofte stå igjen på tuftene ved fråflytta hus. Planten kan spreia seg med frø, og finst forvilla mange stader i Noreg.

Plansje av storhjelm.

Det fints også rosa og kvite variantar av storhjelm, A. napellus 'Carneum' , A. napellus 'Rubellum' og A. napellus 'Album' .

Kjelder endre