Storkvisten
Storkvisten er ein fjordarm av Kvisten i Nærøysund kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 4 km nordaustover til munningen av Kvistaelva i botn av fjorden.
Fjorden har innløp på nordsida av Kvistaodden i sør. Sør for Kvistaodden går Litlkvisten austover. Kvistøyan er ei rekkje holmar som ligg like utanfor munningen til Kvistaelva.
Det er ingen busetnader langs fjorden. 64°51′10.883″N 11°46′48.324″E / 64.85302306°N 11.78009000°E