Litlkvisten
Litlkvisten er ein fjordarm av Kvisten i Nærøysund kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 2 km austover til munningen av Sagelva i botn av fjorden.
Fjorden har innløp på sørsida av Kvistaodden i vest. Nord for Kvistaodden går Storkvisten nordaustover. Sørhopøya er ei halvøy på sørsida av fjorden. På austsida av denne halvøya ligg vika Jekthopen.
Det er ingen busetnader langs fjorden. 64°50′17.293″N 11°46′45.854″E / 64.83813694°N 11.77940389°E