Stormarimjelle (Melampyrum pratense) er ei eittårig urt i snylterotfamilien. Ho er utbreidd i Europa og Asia. Tidlegare har arten vore rekna til maskeblomfamilien.

Stormarimjelle
Stormarimjelle
Stormarimjelle
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Snylterotfamilien Orobanchaceae
Slekt: Marimjelleslekta Melampyrum
Art: Stormarimjelle M. pratense
Vitskapleg namn
Melampyrum pratense

Planta er 20 cm høg med ein oftast ugreina stengel. Blomen har bleikgul krone som er rundt 15 mm lang. Han har grove kronrøyr, dobbelt så lang som dei smale begertennene. Kapselen har oftast fire frø.

Stormarimjelle er heimleg og blømer kring juli i lyngmark og skog. Ho er vanleg over heile Noreg til langt opp på fjellet, og er funnen opp til 1230 m på Hardangervidda.[1]

Kjelder

endre
  1. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 941. 
  • Svensk Wikipedia.