Storsaivis-sjøen
Storsaivis (lulesamisk Stuor Saivets) er ein innsjø i Lappland i Sverige, heilt sør i Gällivare kommun. Innsjøen ligg 280 meter over havet, og avstanden frå nordenden til sørenden er ca. 4,5 km.
Innsjøen er inndelt i ein større nordleg del, og ein mindre sørleg del, og er avdelt av ein odde, der ein finn tettstaden Storsaivis. Midt i innsjøen ligg øya Storholmen.
Storsaivis vert drenert gjennom ein liten bekk rett aust for Järpudden. Bekken går til nabovatnet i nord, Lillsaivis. Langs nordvestbreidda går Länsväg BD 813.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Storsaivis (innsjø)» frå Wikipedia på bokmål, den 15. juni 2012.