Gällivare kommun

kommune i Norrbotten len i Sverige

Gällivare kommun (finsk Jällivaara, sørsamisk Jiellivarre ) er ein kommune som ligg midt i Lappland i Norrbottens län nord i Sverige. Administrasjonssenter i kommunen er Gällivare.[2] Gällivare kommune grensar mot kommunane Jokkmokk, Boden, Överkalix og Kiruna i Sverige. I nordvest grensar kommunen mot Narvik kommune i Noreg. Med eit areal på 16 950 kvadratkilometer er kommunen dem tredje største etter areal i Sverige.

Gällivare kommun
kommune
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Norrbottens län
Landskap Lappland
Del av Lappland i Sverige, Q61669396
Areal 16 818,22 km²
 •  land 15 705,15 km²
 •  vatn 1 113,07 km²
Folketal 18 330[1]  (2011)
Kart
Gällivare kommun
67°08′00″N 20°39′00″E / 67.133333333333°N 20.65°E / 67.133333333333; 20.65
Wikimedia Commons: Gällivare Municipality
Stora Sjöfallets nasjonalpark

Geografi endre

Gällivare består av høgfjell i nordvest som gradvis blir lågare mot søraust. Lule älv er det største vassdraget i kommunen og dannar saman med innsjøane Akkajaure og Stora Lulevatten øvre delen av sørgrensa mot Jokkmokk. Gällivare har fleire nasjonalparkar og andre verna område, bl.a Stora Sjöfallets nasjonalpark (1909), Muddus nasjonalpark (1942) og Sjaunja naturreservat. Den sørlege delen av kommunen består av store skogs- og myrområde.

E10 og E45 går gjennom kommunen og Gällivarre er knytt til det svenske jernbanenettet gjennom Malmbanan og Inlandsbanan. Gällivare Lapland Airport har daglege flysamband til Stockholm.

Språk endre

Samisk, meänkieli og finsk har status som offisielle minoritetsspråk i kommunen, og Gällivare er saman med nabokommunen Kiruna dei to einaste svenske kommunane med tre offisielle minoritetsspråk.[3]

Næringar endre

Jordbruk og gruvedrift er tradisjonelt viktige næringar i kommunen. Nedgangen i arbeidsplassar i desse næringane har resultert i auka fråflytting. Kommunen har store vassressurser og ein aukande turisme.[2]

Tettstader endre

Gällivare kommune hadde seks tettstader i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.

# Tettstad Innbyggjarar
1. Gällivare 8 480
2. Malmberget 6 017
3. Koskullskulle 899
4. Hakkas 383
5. Ullatti 230
6. Tjautjas/Čavččas 216

Kuriosa endre

Den svenske fastfoodkjeden Max Hamburgerrestauranger vart grunnlagt i Gällivare i 1968 av Curt Bergfors.

Kjelder endre

  1. Folketalsstatistik kvartal 3 2011. Statistiska centralbyrån (30. september 2011). Besøkt 7. januar 2012.
  2. 2,0 2,1 Store norske leksikon, snl.no, 19 april 2010, [1]
  3. Det svenske Språkrådets hjemmesider, om minoritetsspråk

Bakgrunnsstoff endre