Storsteinsfjellbreen
Storsteinsfjellbreen er ein isbre i Narvik kommune i Nordland. Breen ligg øvst i Norddalen, ein arm av Skjomdalen. Han har eit areal på 12 km² og er den 30. største isbreen på det norske fastlandet. Det ligg fleire mindre brear rundt Storsteinsfjellbreen og grensa til Sverige ligg berre nokre kilometer lenger aust.
Storsteinsfjellbreen | |||
isbre | |||
Område | Ofoten | ||
---|---|---|---|
Areal | 12 km² | ||
Koordinatar | 68°13′17″N 17°54′18″E / 68.22139°N 17.90500°E | ||
Storsteinsfjellbreen 68°13′17″N 17°54′18″E / 68.221389°N 17.905°E |
Breen ligg ved Storsteinsfjellet som har ei høgd på 1893 meter over havet.