Ein stråle i fysikk er ei linje som syner retninga for energitransport ved ei bølgje- eller partikkelrørsle. I eit uavgrensa isotropt medium er strålar rette linjer.

I daglegtale syner ein stråle til ein straum av partiklar eller energi (lydar, lys) som er sterkt avgrensa på tvers av forplantingsretninga. Vilkåret for at energitransporten kan skildrast ved hjelp av strålar er at dei stråleavgrensande opningane er store samanlikna med bølgjelengda. Viss dette ikkje er tilfelle blir energitransporten å rekne som diffraksjon

Kjelder endre