Strawberry Cirque
Strawberry Cirque er ein halvsirkelforma isdekt dalbotn i Antarktis, 2 km brei, ved sørenden av Macdonald Bluffs i Miller Range. Han ligg i klippene på nordsida av enden av Argobreen der denne møter Marshbreen. Han fekk dette namnet av Ohio State University Geological Party i 1967–68, fordi granittklippene i dalbotnen har ein lys rosa- til raudfarge i visse lyssettingar.
Strawberry Cirque | |||
dalbotn | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Oates Land | ||
- koordinatar | 83°20′S 157°36′E / 83.333°S 157.600°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Strawberry Cirque 83°20′00″S 157°36′00″E / 83.3333°S 157.6°E | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Strawberry Cirque» (innhald frå Geographic Names Information System).