Strawberry Switchblade
Strawberry Switchblade var ein skotsk popduo skipa av Jill Bryson og Rose McDowall i Glasgow i 1981. Gruppa blei kjend for hitlåten «Since Yesterday», som nådde 5. plassen på UK Singles Chart i 1985. Ho var òg kjend for den fargerike visuelle framtoninga si, med sløyfer og polkadott-kjolar som stod i medviten kontrast til dei melankolske poplåtane deira.
Strawberry Switchblade | |||
Aktiv | 1981– | ||
---|---|---|---|
Sjanger | pop | ||
Plateselskap | Warner Bros. Records |
Strawberry Switchblade gav ut sitt einaste album, med same namn som gruppa, i 1985. Ho fekk fleire hittar med «Let Her Go» og «Who Knows What Love Is?», men etter usemjer blei duoen oppløyst i 1986. Rose McDowall danna seinare ein ny duo kalla Sorrow.[1]
Diskografi
endre- Album
- Strawberry Switchblade, 1985
- The 12." Album (berre utgitt i Japan), 1995
- The Platinum Collection, 2005
- Singlar
- Trees and Flowers, 1983
- Since yesterday, 1984
- Let Her Go, 1985
- Who Knows What Love Is?, 1985
- Jolene, 1985
- EP
- 1982 4-Piece Demo, 2017
Kjelder
endre- ↑ «Cult Heroes: Starwberry Switchblade - the clue was in the name» (på engelska). 20150414.
- Denne artikkelen bygger på «Strawberry Switchblade» frå Wikipedia på svensk, den 8. september 2024.