Strengelvåg
68°57′35.1″N 15°10′33.2″E / 68.959750°N 15.175889°E Strengelvåg er ein busetnad som ligg i Øksnes kommune i Nordland, nordaust på Langøya i Vesterålen. Staden hadde 230 innbyggjarar i 2001.
Strengelvåg har barneskule, barnehage og daglegvarebutikk. Idrettslaget på staden, Strengelvåg IL, driv mellom anna med handball.
Namnet kjem av norrønt strengklauf, truleg av strengr ‘streng, tau’, og klauf ‘kløft’. Sisteleddet er våg, som i bukt.
Sjå òg
endreKjelder
endre«Strengelvåg» i Store norske leksikon, snl.no.