Stride-piano (òg Harlem Stride Piano eller stride, tydinga er om lag «pianospel i store steg») er ein stil for solopiano frå jazzen si tidlege historie. Utgangspunktet er ragtime, men til skilnad frå ragtime er ikkje stride komponert, men stort sett improvisert. Pionerar frå Harlem, som James P. Johnson og Willie «The Lion» Smith, skapte stilen rundt 1920 og takka vere Fats Waller vidareutvikla den seg til den viktigaste stilen i swingjazzen.

I stridestilen overtek venstre hand basslinja og harmoniseringa ved at handa vekslar mellom å spele ein oktav (eller i blant ein desim, dvs over ti tonetrinn) i bassen og akkordar i mellomregisteret, mens høgre hand spelar melodilinja eller improviserer over melodien.

Pianisten er den dominerande under stride-spel, så rytmeinstrumenta slagverk og kontrabass trekker seg da tilbake. Gruppene er sjeldan meir enn fem til seks musikarar, men det finst døme på at større band spelar stride piano, som Teddy Wilson.

Evna til å spele stride er, ved sida av erfaring i improvisasjon, avhengig av anatomien til pianisten sine hender: berre få pianistar kan spele desimar i alle toneartar, men ein av stridepianistane, Eubie Blake, hadde så lange fingrar at venstrehanda nådde over tolv tonetrinn.

Art Tatum var ein av dei som representerer topp-punktet for stilen. Han spelte ofte passasjar der desimane i bassen bestod av løp i fjerdedelsnotar (walking bass) og kunne dermed heilt unngå vekslinga med akkordspel.

Namnet «stride piano» fekk stilen først seinare, men er grunnlaget for alle etterfølgjande stilartar innan jazzpiano. Ralph Sutton kalla spelestilen «Harlem Rhythm».

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre