Stridsøks er ei øks som er særskild laga for kamp. Ei stridsøks skil seg frå ei reiskapsøks gjennom tjukkleiken på øksehovudet. Eit stridsøksehovud (av jern/stål) snevrar seg inn etter «auet» og utvidar seg så ved eggen (omtrent som på ei bileøks). Det er funne fleire stridsøkser frå yngre jernalder der midtdelen (altså den delen av øksehovudet som er mellom auget og eggen) har rusta vekk. Ein laga stridsøksene smale for å spare vekt, slik at øksene blei raske å bruka.

Kortskafta stridsøks frå kring 1515.
Langskafta daneøks gjengitt på Bayeux-teppet frå kring 1070.

Stridsøkser kan grovt sett delast inn i tre typar:

  • Breibladea stridsøkser, som egner seg bra til kutt og stikk, særleg når dei er montert på lange skaft; såkalla daneøks.
  • Smalblada stridsøkser, som kjennetegnes ved liten størrelse, kort egg (4–7 cm), og særs låg vekt; hovudsakleg brukt som eihandsøks.
  • Skjeggøkser som er øksehovud av type A eller B, som har ein «hake» (eller eit skjegg) bak kanten av eggen nede, før øksehovudet snevrar inn mot auget på øksa.

Bondestridsøks var vanleg i Noreg frå 1500- til 1700-talet, og inngikk i bondevæpninga på 1600-talet.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Stridsøks