For elva med det same namnet, sjå Elva Struma

Struma er ein tilstand der skjoldbruskkjertelen er forstørra. Knutestruma er ein sjukdom, mens ordet «struma» berre fortel oss at skjoldbruskkjertelen er forstørra - det peikar på eit symptom, ikkje ein tilstand.

Ei kvinne med sjukdomen

Bakgrunn endre

I gamle dagar var det vanleg at folk i Noreg, som budde på Austlandet fekk struma. Dei som budde på Vestlandet eller Nord-Noreg, eller ved sjøen var mindre utsette for sjukdomen. Dette var fordi dei åt mykje fisk og skalldyr, og i fisk og skalldyr finst det jod. I Noreg i dag er struma lite utsett, dette er fordi det finst jod i mjølk, fisk og skalldyr. Det er også vanleg i dag å tilsetta jod i salt.

I utviklingsland eller i den tredje verda er struma framleis ein utbreidd sjukdom. Tilgangen på fisk kan vera vanskeleg, og sameleis med mjølk eller salt. Medisin er kanskje heller ikkje lett å skaffa.

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.