Strykekvartett nr. 21 av Mozart

Strykekvartett nr. 21 i D-dur, K. 575, vart skriven i juni 1789 av Wolfgang Amadeus Mozart. Han har fått kallenamnet Fiolkvartetten. Han er den første av Preussenkvartettane.

Strykekvartett nr. 21
K. 575
Strykekvartett av Wolfgang Amadeus Mozart
SjangerKammermusikk
PeriodeWienerklassisismen
KomponertJuni 1789
Typisk lengd24:17
Satsar/akter4
ToneartD-dur

Verket består av fire satsar:

  1. Allegretto, i D-dur
  2. Andante
  3. Menuetto: Allegretto
  4. Allegretto i D-dur

Kvartetten var skriven for og dedisert til kongen av Preussen, Friedrich Wilhelm II, ein amatørcellist. Mozart og venen hans Karl Lichnowsky møtte kongen i Potsdam i april 1789. Mozart spelte føre kongen i Berlin den 26. mai 1789, og reiste så attende til Wien.[1]

Strykekvartetten er i dag eit populært stykke. Det er eit stykke som vart skriven på høgdepunktet i karrieren til Mozart. Det vert rekna for å vere meir tilbakelent i forhold til dei seks kvartettane dediserte til Haydn.

Kjelder endre

  1. The New Grove Mozart ISBN 0333341996 page 154

Bakgrunnsstoff endre