Studva (kroatisk; serbisk Studva eller Студва) er ei elv aust i Kroatia og nord i Serbia. Elva er 37 km lang og ei sideelv til Bosut frå høgre. Ho renn gjennom regionen Syrmia.

Studva (Студва)
elv
Land  Kroatia,  Serbia
Nedslagsfelt 355 km²
Lengd 37 km
Kjelde Vest i Syrmia i Kroatia
Munning Bosut ved Morović i Serbia
Kart
Studva
45°00′20″N 19°13′03″E / 45.005499°N 19.217612°E / 45.005499; 19.217612
Wikimedia Commons: Studva

Studva spring ut frå myrene vest i Syrmia i Kroatia nær landsbyen Gunja. Ho renn sakte, meanderande og har danna fleire myrer. Studva renn eit stykke som grenseelv mellom dei to landa (18 km). Ved landsbyen Morović munnar ho ut i Bosut.

Elva drenerer eit område på 355 km² og nedslagsfeltet hennar høyrer til Svartehavet.

Kjelder endre