Stuley er ei øy aust for South Uist i Ytre Hebridane langs kysten mellom Loch Eynort og Loch Boisdale. Øya er 0,45 km² stor og det høgaste punktet ligg 40 meter over havet.

Stuley
Geografi
Stuley is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°11′24″N 7°14′49″W / 57.19°N 7.247°W / 57.19; -7.247
Øygruppe Ytre Hebridane

Areal 0,45 km²

Høgaste punkt 40 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane

Demografi
Folketal 0

Geografi og geologi endre

Berggrunnen på øya er intermediær og grunnleggande lewis-gneis med grønaktig farge.[1]

Mellom Stuley og South Uist ligg Stuley Sound. Utanfor austsida ligg tre små holmar - Dubh-Sgeir Mhòr & Dubh-Sgeir Bheag og Glas-Eilean Mòr. Glas-Eilean Beag ligg i vest.

Historie endre

Frå lokale stadnamn som Creag na h-Oraide («preikeklippa» på Stuley) og Creag an t-Sagairt («presteklippa» på South Uist), tyder dette på at øya har ei kyrkjeleg tilknyting, truleg til culdee.

Namnet på øya er av norrønt opphav og tyder «Stulaøya». Stula-namnet finn ein òg att som namnet på eit fjell på South Uist, Stulaval.

Det er aldri registrert busetnad på øya og ho vert i dag nytta som beitemark. Haswell-Smith skriv derimot at spor etter jordbruk og ruinar av sommarfjøs tyder på at øya var eit offer for Highland clearances.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.