Styresmakt
Ei styresmakt eller myndigheit er ein organisasjon som har avgjersmakt til å vedta og handheva lovar for eit område eller territorium. Ei styresmakt er ofte inndelt i lovgjevande, utøvande og dømande styresmakter (maktfordelingsprinsippet). Det finst styresmakter på statlege og lokale nivå. Ei styresmakt kan organiserast med forskjellige styresett.