Styreform eller styresett er måten ei styresmakt, til dømes ein stat eller eit herad, vert styrt på. Kva styresett ein har vil seia korleis makta er fordelt og korleis samfunnet fungerer. Ei styreform omfattar ei samling skrivne og uskrivne reglar for organiseringa av styresmaktene som treffer bindande slutningar i eit samfunn.[1]

Det finst mange ulike typar styresett, men det er vanleg at to eller fleire av desse er blanda, slik at ein til dømes kan ha eit diktatur med noko demokrati, eller eit monarki med innslag av anarki. Fleire tenkjarar har spekulert på kva styresett som vil føra til det beste samfunnet, og ønske om ei anna form for styresett har ført til fleire revolusjonar.

Definisjonar av styresett er på ulike nivå, og såleis dekkjer fleire styresett det same landet. Noreg har eit demokrati med konstitusjonelt monarki og parlamentarisme.

Innhaldet i ei styreform endre

Ei styreform vert vanlegvis oppfatta å bestå av tre delar; ein konstitusjon, ei samling av meir praktiske spelereglar og ei oppskrift på kva roller som skal inngå i styreforma.

Styreforma kan kome til uttrykk både i ein skriven konstitusjon og meir uformelt i kulturelle normer representert ved tradisjonar og tilvant praksis for korleis staten eller ein statsleiar kan styre landet. Som regel er det stort samanfall mellom konstitusjon og kulturelle normer. I motsett fall kan konstitusjonen vekke stor motstand slik det ofte skjer når ein stat innfører eller vert pålagd å innføre ein konstitusjon som bryt sterkt med dei kulturelle normene.

Å innføre raskt eller påtvinge til dømes eit stammesamfunn eller klansamfunn ein kommunistisk eller demokratisk konstitusjon, vil derfor ofte føre til at staten og/eller ein ytre påtvingar må ta i bruk ekstrem tvangsmakt over lengre tid for å handheve konstitusjonen. Døme på dette finst heilt frå antikkens dagar (Romarriket sine problem i Judea) og fram til våre dagar (England sine, så Sovjetunionen og til sist USA sine problem i Afghanistan).

Under desse meir overordna normene som konstitusjon og kulturelle normer, finst meir konkrete «spelereglar» - gjerne i form av lover - som seier kva borgarane kan forvente av staten, korleis staten skal handsame krav frå folk, korleis han konkret kan treffe legale slutningar som innbyggjarane må bøye seg for og etterleve, osv. Og for det tredje rommar styreforma eit visst tal av roller (styresmaktstruktur eller regimestruktur) som mellom anna kan skilje mellom politiske og administrative roller, definere ansvar knytt til dei ulike rollene i styresmaktstrukturen, osv.

Forståinga av styreformer og klassane dei vert sett inn i endre

Å klassifisere eller sette styreformer inn i ulike hovudgrupper etter i kva grad dei høyrer heime i vedkomande hovudgruppe, er inga enkel oppgåve. Eit monarki kan til dømes plasserast både i gruppa autokrati (absolutt monarki) og i gruppa demokrati (konstitusjonelt monarki). I tillegg er det ofte vanskeleg å skilje innbyrdes mellom ulike styreformer i ei og same gruppe, som til dømes mellom despoti og diktatur.

Ei av fleire årsaker til desse vanskane er òg at klassifiseringar tar farge av den historiske epoken dei oppstår i. Aristoteles opererte med tyranni som ei styreform fordi han meinte ho kjenneteikna barbarane si styreform, og at ho òg var den beste for slike primitive folk. Klassifiseringar under den kalde krigen var ikkje mindre tidstypiske eller meir politisk nøytrale. I Sovjetunionen vart vestlege styreformer klassifisert som oligarki, medan eigen styreform vart framstilt som demokratisk, i den forstand at fleirtalet av folket (proletariatet) vart sagt å styre landet gjennom partiet, kommunistpartiet.

I vesten bar klassifiseringane preg av det motsette. Her vart Sovjetunionen og i voksende grad Kina, Vietnam og Cuba, klassifisert som diktatur, og vesten sine styreformer som særs demokratiske og fri for maktmisbruk, korrupsjon, brot på menneskerettar og anna styggedom som dåtida (i både aust og vest) meinte prega autokratiske styreformer.

I ettertid er det allment kjend at maktmisbruk, korrupsjon og brot på menneskerettar var til stades i begge leirar. Konklusjonen bør derfor vere at slike moralsk forkastelege ting ikkje automatisk kjenneteiknar ein spesiell type styreform. Heller er ikkje moralsk høgverdige ting som til dømes nestekjærleik, solidaritet med utviklingsland og fredsarbeid noko som automatisk kan tilleggast ei spesiell type styreform.

USA vart av mange i dag rekna som eit av dei førande demokratia i verda og som ein forkjempar for demokratiet si utbreiing i verda. Likevel har mellom anna Amnesty International, Human Rights Watch og FN-organ i ei rekke samanhenger dokumentert at USA bryt og i tillegg aktivt motarbeider internasjonal rett, bryt menneskerettar i og utanfor USA, osv. I tillegg kan eit land ha ein demokratisk konstitusjon, men likevel i praksis bryte med denne konstitusjonen. Dette viser at det er misvisande å tillegge ei viss styreform - i dette tilfellet demokratiet - ein eller fleire gode eller onde eigenskapar. Berre i røynda (empiri) og ikkje eit land si styreform, kan avgjere eit slikt spørsmål. Går ein derfor i røynda nøyare etter i saumane, kan til dømes eit demokrati eller eit diktatur i et land vise seg å ha sterke innslag av andre styreformer.

Slike ting som er nemnd over er viktig å ta med seg når ein les klassifiseringar og skildringar av styreformer. Det er viktig å hugse at klassifiseringar og skildringar alltid vil vere teoretiske idealtypar som ekstremt sjeldan finst reindyrka i den verkelege verda. Røynda, empirien eller sanninga - om ein vil - er alltid langt meir komplisert og aldri så enkel som han framstår i klassifiseringar og i skildringar av ulike styreformer.

Liste over styresett endre

Grader av representasjon endre

Grad av rettssikkerheit endre

Grad av sentralstyring endre

Lokaldemokrati endre

Statsinngripen imot individet og meiningspåverknad i samfunnet endre


Velferd og tryggheit endre

Pliktfordeling, samfunnsordning og andre rettar endre

Kjelder endre

  1. , Østerrud & Goldmann 1997
  • Denne artikkelen bygger på «Styreform» frå Wikipedia på bokmål, den 21. januar 2008.
  • Østerrud, Øyvind; Goldmann, Kjell (1997), Pedersen, Mogens N., red., Statsvitenskaplig leksikon, Universitetsforlaget 
  • Dahl, Robert A. (1989) «Democracy and its Critics». New Haven, Yale University Press.

Bakgrunnsstoff endre