Sublimering
- Sjå òg sublimasjon, direkte overgang frå fast stoff til gass, utan at stoffet er innom væskefasen
Sublimering (frå latin sublimare, av sublimis høg, opphøgd) er innan psykologi ei nemning på overføring av psykisk energi frå aktivitetar med låg status til meir «høgverdige» aktivitetar. Særleg gjeld dette for aktivitetar knytt til seksualitet. Sublimering vil då seia å overføra energi knytt til seksualdrift til aktivitetar knytt til kunst og kultur. Sublimering er særleg omtala i Sigmund Freud sine verk.