Sudogda (russisk Судогда) er ei elv i Vladimir oblast i Russland og ei av sideelvane til Kljazma frå høgre i nedslagsfeltet til Volga. Ho har ei lengd på 116 km.

Sudogda
elv
Land  Russland
Lengd 116 km
Munning Kljazma
Kart
Sudogdaelva
55°35′06″N 41°15′57″E / 55.585°N 41.265861111111°E / 55.585; 41.265861111111
Wikimedia Commons: Sudogda River

Sudoga har kjelda si i nærleiken av landsbyen Lazarevka og munnar ut i Kljazma nær landsbyen Spas-Kupalistsji. Elva renn hovudsakleg gjennom skogområde.

Dei største sideelvane hennar er Jasteb, Petsjenka, Pobojka, Jada, Sjiverka, Vojninga, Vantsjura, Sojma, Kamenka, Vysokusja.

Byen Sudoga ligg ved elva.

Kjelder

endre