Suldalslågen
Suldalslågen er ei elv som renn i Suldal i Rogaland. Ho har spring ut frå Suldalsvatnet og munnar ut i Sandsfjorden ved tettstaden Sand. Gjuvefoss og Sandsfoss er fossar i Suldalslågen.
Suldalslågen er rekna som ei god lakseelv. Rekordlaksen blei fiska i 1913 og var på heile 34 kg. Det er vanleg at laks på over 20 kg vart fanga kvart år. Laksebestanden har møtt motstand, til dømes ved lakselus frå rømt oppdrettlaks, men får hjelp til å halde seg oppe ved at det blir gjort forvaltning. Laksen i Suldal har utvikla genar som har gjort dei kraftige. Dette blir oftast sagt er på grunn av at laksen må hoppe opp den stride Sandsfossen.
Denne geografiartikkelen som har med Rogaland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.