Sumapaz
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Sumapaz (fleirtyding).
Sumapaz er den 20. bydelen (localidad) i Bogotá, hovudstaden i Colombia. Det er den største av bydelane i Bogotá med flatevidda på 727,44 km2, og dannar eit smalt nord-sørareal, frå utkanten av det urbane området av byen i nord og sørover innanfor grensene til Cundinamarca-departementet mot grensene til Meta i aust og Huila lengst sør. Denne bydelen av Bogotá er landleg. Folkesetnaden var 5667 i 2007. Næringsvegar er jordbruk og husdyrhald.
Historie
endreOmrådet var eit viktig pilegrimsmål for muisca-urfolk i førkolumbisk tid, ettersom gudinna Bachue vart trudd å vere neddukka i Iguaque-innsjøen. Det vart oppdaga av Nicolás de Federman på leiting etter El Dorado på 1500-talet.
Sumapaz har vore scene for fleire bygdekonfliktar, inkludert dei i 1928 og 1946. La Violencia frå 1948 gav opphav til danninga av geriljagrupper enno til stades i Colombia. Ved byrjinga av 2000-talet, tok den colombianske hæren territorium frå geriljarørsler som ein del av ein anti-geriljastrategi til president Álvaro Uribe.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sumapaz» frå Wikipedia på engelsk, den 13. desember 2015.