Summasjonsforsterkar

Summasjonsforsterkar er ein forsterkar som summerer spenningane på inngangane[1][2]. Det kan vera to eller fleire inngangar. Summasjonsforsterkar er som oftast bygd kring ein operasjonsforsterkar og blir nytta som byggeklossar i ei rekkje ulike krinsar.

Summasjonsforsterkar med to inngangar

endre
 
Summasjonsforsterkar med to inngangar.

Den inverterande inngangen ligg på virtual jord, så   og  . På grunn av at inngangsimpedansen til operasjonsforsterkaren er svært stor vil summen av   og  ,  , gå gjennom tilbakakoplingsmotstanden  . Utgangsspenninga blir da

   

Minusteiknet syner at forsterkaren er inverterande. Dei to inngangsspenningane kan vektast ulikt ved å velja ulike verdiar på motstandane.

Summasjonsforsterkar med N inngangar

endre
 
Summasjonsforsterkar med N inngangar.

Ein summasjonsforsterkar kan ha eit vilkårleg tal med inngangar. Analysen fylgjer same mønster som når det er berre to inngangar. Utgangsspenninga kan uttrykkast

 

Dei N inngangsspenningane kan vektast ulikt ved å velja ulike verdiar på dei N motstandane på inngangane, noko som kan utnyttast til dømes i samband med krinsar som nyttar totalssystemet.

Subtraktor

endre

Om ein ynskjer å subtrahera spenninga(ne) på ein eller fleire av inngangane frå dei andre kan ein invertera spenninga(ne) før dei går til summasjonsforsterkaren, ved hjelp av inverterande forsterkarar.

Referansar

endre
  1. R.F. Coughlin og R.S. Villanucci, Introductory operational amplifiers and linear ICs, Prentice-Hall1989.
  2. S, Franco, Design with operational amplifiers and analog integrated circuits, WCB/McGraw-Hill, 1998.