Sumphaukeskjegg er ei fleirårig urt i korgplantefamilien. Arten er utbreidd i Europa og Asia. Planta er kring 50 cm høg med store tynne snaue blad som ved grunnen går kring stengelen. Blomane er tre cm breie korger i halvskjerm. Korgdekkblada har svarte kjertelhår.

Sumphaukeskjegg
Sumphaukeskjegg
Sumphaukeskjegg
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Underfamilie: Cichorioideae
Stamme: Cichorieae
Slekt: Haukeskjegg Crepis
Art: Sumphaukeskjegg C. paludosa
Vitskapleg namn
Crepis paludosa

Sumphaukeskjegg blømer kring juli månad på fuktige stader i skog og ved bekker, og på næringsrike myrar. Planta er vanleg over det meste av Noreg, sjeldan i nord. Ho er funnen opp til 1200 m på Hardangervidda.

Kjelder

endre
  • Svensk wikipedia.
  • Tysk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.