Sunndal prestegard

prestegard i Sunndal

62°40′20″N 8°34′15″E / 62.672248°N 8.570954°E / 62.672248; 8.570954

Sunndal prestegard
Foto: Jan-Tore Egge

Sunndal prestegard ligg like aust for Hov kyrkjeSunndalsøra og har adresse Sunndalsvegen 24. Hovudbygningen er ein lang einetasjes tømmerbygning med saltak og ståande panel. Han skal vere oppført i 1861.[1] Gardsdrifta som var knytta til prestegarden, er frådelt og seld. Prestegarden eig ei seter kalla Prestsetra i Grødalen.[2]

Kjelder

endre

Fotnotar

endre
  1. Birkeland og Nerdal
  2. Opplysningsvesenets fond

Bakgrunnsstoff

endre