Sunnhordland folkehøgskule
Sunnhordland folkehøgskule er ein frilyndt folkehøgskule som ligg på Halsnøy i Sunnhordland i Vestland fylke. Skulen har ein estetisk profil og er eigd av Sunnhordland Høgskulelag. Skulen tar årleg imot mellom 80 og 90 elevar, fordelt på sju linjer. Sunnhordland er tilknytt Informasjonskontoret for folkehøgskolen.
Sunnhordland folkehøgskule | |||
Hovudbygget på Sunnhordland folkehøgskule | |||
Motto | Gjør dine drømmer til noe å leve av! | ||
---|---|---|---|
Skuletype | Folkehøgskule | ||
Grunnlagd | 1868 | ||
Region/fylke | Vestland | ||
Kommune | Kvinnherad | ||
Stad | Halsnøy | ||
Eigar | Sunnhordland Høgskulelag | ||
Sunnhordland folkehøgskule 59°47′53″N 5°39′51″E / 59.798°N 5.6641°E |
Historie
endreSkulen blei grunnlagt i 1868 som den første folkehøgskulen på Vestlandet. Det gamle skulehuset (Haugastova) ligg enno på høgre side når ein går opp vegen til skulen. I første omgang var det skuledrift her berre nokre få år, men sidan 1914 har skulen så å si vore i kontinuerleg drift. Skulen er inspirert av folkehøgskoletenkinga til Nikolai Frederik Severin Grundtvig.
Fasilitetar
endreSunnhordland folkehøgskule ligg like ved sjøen og elevane bur på internat rundt om på skuleområdet. Det er i alt 8 internat. Elavene bor på enkelt- eller dobbeltrom og deler kjøkken, stue og bad.
Skulen har eit hovudbygg med kontor, matsal, black box, klasserom for Teater & film og klasserom for Spilldesign og gymsal. Vidare har skulen ein gamal løe som er totalrenovert. Her er det amfi, klasse- og øvingsrom for Musikk, og eit lydstudio. Klasserom for Game art & design og Musikkproduksjon er i første etasje på to av internata. I dette er det òg kunststudio, treningsrom og mediarom.
Uteområde med m.a. fotballbane. Kanoar ved sjøen.
Linjefag
endreSunnhordland folkehøgskule har sju linjer der kunst og scenefag står sentralt. Dei seks linjene som no er på Sunnhordland er:
- Kunst +. Opplegget på linja for Kunst + består av tradisjonelle så vel som samtidige kunstmedia. Street art står sentralt.
- Musikk. Linja lærer elevane å arbeida med hovudinstrument, samspel, band, musikkteori og komposisjon.
- Musikkproduksjon. Linja lærer elevane å laga musikk for data, livelyd og produksjon av lydopptak i studio.
- Skuespiller for scene & skjerm. Linja lèt elevane jobba med skodespelarteknikk, improvisasjon, karakter- og tekstarbeid, teateroppsetjingar og produksjon av film.
- Spilldesign. Linja lærer elevane å laga dataspel. Dei jobbar med emne som nivådesign, karakterdesign og konseptutvikling.
- Game art & design. Linja lærer elevane mellom anna digital kunst, game art og 2D animasjon. Tett samarbeid med linja Spilldesign og Kunst +.
I tillegg til linjene tilbyr skulen også valfag og fordjupingskurs. Linjeturar til London, Stockholm og/eller Berlin. Fellestur til Japan.
Sunnhordland folkehøgskule har to større sceniske produksjonar i året. På desse deltar alle elevane som musikarar, kunstnarar, scenografar, dansarar, skodespelarar, speldesignarar etc. Elevar bidrar med teater og danseoppsetjingar i regi av dei lokale skulene på Halsnøy, og spelar på konserter til lag og organisasjonar. Skulen inviterer til opne framsyningar på skulen.
Stab
endreSunnhordland folkehøgskule har ca. 15 årsverk, fordelt på
- linjelærarar
- inspektør
- rektor
- administrasjonsleiar
- økonomileiar
- husmor
- kjøkenpersonale