Super Bowl

(Omdirigert frå Superbowl)

Super Bowl («gigantpokalen») er meisterskapskampen i National Football League i amerikansk fotball i USA. Kampen blir spelt årleg på den siste søndagen i januar eller den første søndagen i februar, mellom vinnarane av NFL-avdelingane American Football Conference (AFC) og National Football Conference (NFC). Vinnaren mottar Vince Lombardi-troféet.

Historie endre

Den første Super Bowl-kampen blei spelt 15. januar 1967, mellom Green Bay Packers og Kansas City Chiefs.

Dagen ein speler Super Bowl på, er nå akta av fleire som ei uoffisiell amerikansk nasjonal høgtid, kalla Super Bowl Sunday. Det er den nest største dagen for amerikansk matinntak, etter Thanksgiving Day. I 2015 blei Super Bowl XLIX det mest sedde amerikanske fjernsynsprogrammet i historia med eit gjennomsnittleg sjåartal på 114,4 millionar.

Sigrar endre

Pittsburgh Steelers og New England Patriots har vunne seks Super Bowl-tevlingar, meir enn noko anna lag. Dallas Cowboys og San Francisco 49ers har fem sigrar kvar, mens Green Bay Packers og New York Giants har vunne fire Super Bowl-meisterskap. 14 andre NFL franchiser har vunne minst ein Super Bowl.

Regjerande meister er Kansas City Chiefs, som slo Philadelphia Eagles 38–35 i Super Bowl LVII.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Super Bowl