Den lokale gruppa

Den lokale gruppa er ein liten galaksehop med meir enn 54 galaksar, som Mjølkevegen høyrer til. Dei fleste av galaksane er dverggalaksar. Tyngdepunktet i hopen ligg ein stad mellom Mjølkevegen og Andromedagalaksen. Den lokale gruppa dekkjer ein diameter på 10 millionar lysår og er fordelt binært (som ein manual)[1]. Galaksane i hopen er bundne saman av gravitasjon, slik at dei i motsetning til andre, meir fjerne galaksar, ikkje er på veg vekk ifrå kvarandre. Sjølve gruppa er ein del av den større Jomfru-superhopen.[2]

Den lokale gruppa av galaksar. Mjølkevegen og Andromeda er dei klårt mest massive galaksane. (Klikk for å forstørre)

Dei to mest massive medlemmane i gruppa er Mjølkevegen og Andromedagalaksen. Desse to spiralgalaksane har kvar sine system av satellittgalaksar. Triangelgalaksen, er den tredje største og einaste ustripete spiralgalaksen i den lokale gruppa. Det er usikkert om denne følgjer Andromedagalaksen eller ikkje. Dei magellanske skyene ligg òg i gruppa.

Sextans BSextans AMjølkevegenLeo I dverggalakseCanes dverggalakseLeo II dverggalakseNGC 6822Phoenix dverggalakseTucana dverggalakseWolf-Lundmark-MelotteCetus dverggalakseIC 1613SagDIGAquarius dverggalakseTriangulum-galaksenNGC 185NGC 147IC 10AndromedagalaksenM110Leo ANGC 3109Antlia dverggalakseLGS 3Pegasus dverggalakseAndromeda IIAndromeda IIIAndromeda I
Den lokale gruppa (klikkbart kart)

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  • Denne artikkelen bygger på «Local Group» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mai 2016.
  • Denne artikkelen baserer seg på artikkelen «Local Group» s.232 i Phillip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.
  1. Karachentsev, I. D.; Kashibadze, O. G. (2006). «Masses of the local group and of the M81 group estimated from distortions in the local velocity field». Astrophysics 49 (1): 3–18. Bibcode:2006Ap.....49....3K. doi:10.1007/s10511-006-0002-6. 
  2. R. B. Tully (1982). «The Local Supercluster». Astrophysical Journal 257: 389–422. Bibcode:1982ApJ...257..389T. doi:10.1086/159999. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Den lokale gruppa