Surnadal Idrettslag
Surnadal Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i Surnadal kommune på Nordmøre. Idrettslaget vart stifta 13. april 1913 som Idrettslaget Framtid.[1] Dagens namn fekk laget då det i 1966 vart slått saman IL Bjørn og Surnadal jenteidrettslag. Surnadal Idrettslag arrangerte i 1976 hovuddelen av noregsmeisterskapen på ski.
Surnadal IL er aktivt med i fotball, handball, langrenn og alpine greiner på ski. Fotballaget spelar heimekampane på Syltøran stadion på Surnadalsøra. Laget spelar i blå trøyer og elles kvite fargar.
Surnadal IL har særleg markert seg i langrenn. Brørne Sturla og Sigurd Brørs vann begge medalje i noregsmeisterskap og hevda seg i verdscupen i langrenn i 1980- og 1990-åra.
1991-sesongen deltok Surnadal IL i 2. divisjon-fotball, etter at laget i 1990 vann si tredjedivisjonsavdeling. Etter seriekampar mot lag som mellom andre Mjøndalen IF, Bryne FK, Vålerengen, IL Hødd og Aalesunds FK enda Surnadal sist i A-avdelinga.
Kjelder
endre- ↑ «Surnadal IL - Om SIL», surnadalil.no, henta 30. april 2024