Surrey Hills
Surrey Hills er eit Area of Outstanding Natural Beauty, særleg vent naturområde, (AONB) i Surrey i England. Det ligg inntil eit anna AONB, Kent Downs, og begge desse ligg i området kjent som North Downs.
Surrey Hills | |||
verneområde | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Surrey Hills 51°12′N 0°30′W / 51.2°N 0.5°W |
Det går tre langturvegar gjennom området: North Downs Way, Greensand Way og Pilgrims' Way.
Surrey Hills består for det meste av kalksteinsrygger, og området har mange sjeldne plante- og insektarter. I ein del av området, Blackheath Commons, føregår det boring etter olje og gass. Delar av Surrey Hills, blant anna Ranmore Common og Box Hill, er eigd av National Trust.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Surrey Hills» frå Wikipedia på bokmål, den 2. juli 2011.