National Trust (fullt namn The National Trust for Places of Historic Interest or Natural Beauty, «Den nasjonale stiftinga for stadar av historiske interesse eller naturvenleik») er ein britisk organisasjon som arbeider for å verna naturområde, kulturlandskap og historiske bygningar i England, Wales og Nord-Irland. Skottland har sin eigen organisasjon, National Trust for Scotland.

National Trust
Skipa12. januar 1895
HovudkontorSwindon
LeiarKong Charles III av Storbritannia
Omsetjing634 339 000 britisk pund (2019) Sjå dette på Wikidata
Donasjonar84 182 000 britisk pund (2019) Sjå dette på Wikidata
Tilsette7 463 (2019) Sjå dette på Wikidata
MottoFor ever, for everyone
Nettstadhttps://www.nationaltrust.org.uk/ Sjå dette på Wikidata
Waddesdon Manor i Buckinghamshire er ein av dei meste populære stadane som National Trust vernar

Organisasjonen er registrert som ei velgjerande stifting, og eig ei rekkje historiske bygningar. Han legg vekt på at desse skal vera tilgjengelege for publikum. I nokre tilfelle bur dei tidlegare eigarane framleis i bygningen, og då prøver ein å finna ordningar for at delar av det skal vera tilgjengeleg. National Trust eig òg store område langs kysten, totalt omkring ein femtedel av kystlinja i England, Wales og Nord-Irland. Gjennom Prosjekt Neptun er det planar om å kjøpa endå meir av kystlinja for å sikra henne mot utbygging. Fleire stadar har organisasjonen feriehus som blir leigde ut.

National Trust blei oppretta i 1895 av Octavia Hill, sir Robert Hunter og Hardwicke Rawnsley. Verksemda blir for det meste driven gjennom bidrag frå dei over 3 millionar medlemmane. Gjennom lovgjeving har han fått retten til å erklæra eigedomar som uavhendelege, noko som medfører at dei ikkje kan seljast eller pantsetjast mot ønsket til stifinga utan godkjenning frå det britiske parlamentet.

Kjelder

endre

Sjå òg

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: National Trust