Susanne Munk Lauritsen
Susanne Munk Lauritsen, gift Wilbek, (fødd 12. oktober 1967) er ein dansk tidlegre handballspelar, målvakt, frå landsbyen Hvorslev i Region Midtjylland. Ho vann to EM-gull OL-gull og VM-gull med Danmark sitt landslag i tida 1994–1997.
Susanne Munk Lauritsen | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 12. oktober 1967 (57 år) Hvorslev |
Idrett | handball |
Tok del i | Sommar-OL 1996 |
Karriere
endreKlubbspel
endreHo var aktiv for Viborg HK frå 1985 til 2001. I denne perioden vart ho seriemeister fire gongar og cupmeister tre gongar, samt vinnar av EHF-cupen 1994.
Landslagsspel
endreÅra 1987–2000 deltok Susanne Munk Lauritsen i 171 landskampar for Danmark, skåra 3 mål. Ho var med på å vinne europameisterskapen 1994, den olympiske handballturneringa 1996, europameisterskapen 1996, verdsmeisterskapen 1997. I 1993 tapte ho og lagkameratane VM-finalen og i 1998 vart det tap i EM-finalen mot Noreg. Derimot vart det siger over NOreg i bronsefinalen ved Handball-VM 1995.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Susanne Munk Wilbek» frå Wikipedia på engelsk, den 17. november 2022.