Suvdøla
59°09′01″N 9°48′57″E / 59.1502°N 9.8159°E Suvdøla er ei elv i Drangedal kommune i Telemark. Ho har utspringet sitt på Gautefallheia, så vidt inne i Nissedal kommune. Største vatn her er Holmevatnet. Elva renn saman med Daleelva/Loneelva, like før desse munnar ut heilt nord i Bjorvatnet, ved Bø i Tørdal. Systemet er ein del av Kragerøvassdraget.
I samband med Suvdøla har Drangedal everk etablert to kraftstasjonar; Suvdøla kraftverk (1960) og Suvdal kraftverk (2004), med ein samla midlare årsproduksjon på 40 GWh.