Svartedauen
- For pestepidemien omkr 1349, sjå Svartedauden
Svartedauen er ei bok av Theodor Kittelsen, utgjeven 1900. Boka består av femten dikt eller småstykke med prosalyrikk, som er illustrerte med 45 svart-kvitt-teikningar. Boka er utgjeven på J.M. Stenersen & Co.s Forlag, og trykt i Oscar Andersens Bogtrykkeri i Kristiania. Gjennom dikta og teikningane gjev Kittelsen mange bilete av svartedauden, slik han i all si gru og uhygge er blitt kjend for folk gjennom segner og folketradisjon. Mellom anna formgjev han Pesta, personleggjeringa av sjukdommen.
Kittelsen arbeidde med boka om svartedauden samstundes med at Erik Werenskiold starta opp arbeidet med å illustrere Snorres kongesoger, i tida frå 1889 til 1896. Han skreiv sjølv tekstene, men han fekk hjelp av Moltke Moe til å modernisere språket. Tekstene er inspirerte av Norske Folke-Sagn av Andreas Faye (1844). Sjølv om manuskriptet vekte stor interesse, tok det fire år før det vart ferdig trykt.
Svartedauen er rekna som eit høgdepunkt for Kittelsen som svart-kvitt-kunstnar, og boka skal ha ei særstilling i norsk bokkunst.
Innhald
endre
«Høstkvæld» |
«Over sjø og elv» |
«Rypa» |
Galleri
endre-
Svartedauden som ei gammal kone med sopelime og rive
-
«Mor, der kommer en gammel kærring»
-
«Pesta i trappen»
-
«Pesta soper hver en krok»
-
«Pesta drager»
Kjelder
endre- Leif Østby: Theodor Kittelsen, Dreyer 1975 ISBN 82-09-01227-4
- Theodor Kittelsen: Svartedauen, J.M. Stenersen & Co.s Forlag 1900