Pesta er personifiseringa av svartedauden i norsk folketru. Ho har ofte form som ei gammal kvinne, men kan også vera ein mann, eit barn eller ulike dyr. Pesta er særleg kjend frå illustrasjonar av Theodor Kittelsen. I andre europeisk land finst det liknande tradisjonar.

«Pesta fer landet rundt» (1904) av Theodor Kittelsen. Teikninga er ein fargeversjon av eit motiv frå boka hans Svartedauen frå 1901. Landskapet i bakgrunnen er frå Sund i Lofoten.[1][2]

Norsk tradisjon endre

Svartedauden var det første utbrotet av ein pest-pandemi som ramma Noreg mellom 1349 og 1654.[3] I gamle segner blir namnet særleg brukt om ein sjukdomsdemon i kvinneskikkelse.[4] Ho er gjerne liten, gammal og gråbleik, har svart hengande hår og svarte auge, og er kledd i raud eller blå stakk.[5] Kjerringa gjekk frå gard til gard og førte sjukdommen med seg. I hendene bar ho på ein sopelime og ei rive: der Pesta feia med limen, kom alle til å døy, der ho brukte riva, ville nokon overleva. Skikkelsen kunne òg ha med seg ei stor bok med namna på dei som skulle døy i.[5] Det er fleire førestillingar om skikkelsen. I Setesdal var storedauden eit jentebarn, hos samane var rotto eit barn, ein svart hund eller ein katt.[6] I Tuddal viste sotten seg som ein mann med stav og bok under armen eller ei kone med sopelime.[7] I Vefsn kom sotten til bygda som ein mann og ei kone.

Pesta av Kittelsen endre

Teiknaren Theodor Kittelsen gjorde figuren kjend som hovudperson i Svartedauen, ei samling teikningar, dikt og segner om pesten i Noreg.[1] Boka fanst som manuskript i 1896 og kom ut i 1900.[8] Kittelsen si «Pesta» var inspirert av ei gammal, bitter kjerring som teiknaren blei kjend med då han budde på Skåtøy utanfor Kragerø og som han omtaler i den anekdotiske Glemmebogen frå 1892.[9] I sjølvbiografien Folk og trold frå 1911 gjentek Kittelsen mellom anna at ho var «værre end selve pesta [...] og saa fik hun navnet».[10]

Pesta er òg tittelen på det første albumet i teikneserien Solrunns saga skrive av Eirik Ildahl, illustrert av Bjørn Ousland og gjeve ut av Bladkompaniet i 1988.[11]

Andre europeiske tradisjonar endre

I gresk og kypriotisk tradisjon kan pesten vera personleggjort som ei gammal eller blind kvinne som gjerne er svartkledd. Ho kan ofte opptre saman med ei anna kvinne, som pest og kolera eller som pest og Faousa (byllar/byllepest, hudsår), eller med to andre kvinner som pest, kolera og koppar. I andre kypriotiske tradisjonar opptrer pesten vill og brølande kvinne med laust hår, skite ansikt og ville auge eller som ein dverg. Lekamleggjeringa kan bli nedkjempa av helgenar. Ofte blir den som har vore gjestfri mot kvinnene spart.[12]

I slavisk tradisjon kan «Pesta» vera ei ung kvinne som dreg rundt i ei vogn. I svensk tradisjonar sjukdommen dukka opp i skikkelsen til eit lite barn saman med ei pestjomfru, eller ein vakker ung mann.[12]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Kittelsen, Th. (1901). Svartedauen. Kristiania: L.E. Tvedte. 
  2. Koefoed, Holger (1999). Th. Kittelsen. Stenersens forl. s. 155. ISBN 8272012634. 
  3. Moseng, Ole Georg. (10. februar 2020). svartedauden. I Store norske leksikon. Henta 27. mars 2020.
  4. Reichborn-Kjennerud, I. (1865-1949) (1940). Den gamle trolldomsmedisinen vår. Oslo: Jacob Dybwad. s. 93. 
  5. 5,0 5,1 Reichborn-Kjennerud, I. (1865-1949) (1940). Den gamle trolldomsmedisinen vår. Oslo: Jacob Dybwad. s. 95. 
  6. Reichborn-Kjennerud, I. (1865-1949) (1940). Den gamle trolldomsmedisinen vår. Oslo: Jacob Dybwad. s. 96. 
  7. Reichborn-Kjennerud, I. (1865-1949) (1940). Den gamle trolldomsmedisinen vår. Oslo: Jacob Dybwad. s. 133. 
  8. Østby, Leif (1906-1988) (1975). Theodor Kittelsen. Oslo: Dreyer. s. 103. ISBN 8209012266. 
  9. Kittelsen, Th (1957). Theodor Kittelsen: i tekst, teikningar og måleri. Oslo: Gyldendal. s. 64. 
  10. Kittelsen, Th. (1997). Folk og trold: minder og drømme : med skizzer, tegninger og malerier. Bjørn Ringstrøms antikvariat. s. 93. ISBN 8290520271. 
  11. Tegneseriearkivet.no om Ildahls og Ouslands Pesta 1988[daud lenkje]
  12. 12,0 12,1 Chrysanthis, Kypros; K., K. (1945). «The Personification of Plague and Cholera According to the Cypriots». Folklore 56 (2): 259–266. ISSN 0015-587X. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Pesta