Svatsum stavkyrkje

Svatsum stavkyrkje var ei stavkyrkje på Nedre Svatsum i Vestre Gausdal. Ein trur at kyrkja vart oppført på 1200-talet eller tidleg på 1300-talet, og ho er første gong omtala i 1380. Kyrkja stod ved Kirkebø[1], like oppi skråninga frå der dagens Svatsum kyrkje står. Av rekneskapar og protokollar går det fram at kyrkja hadde tårn, spontak og utvendige svaler.[2] Kyrkja forfall og vart avløyst av ei tømra kyrkje i 1726. Denne vart so avløyst av dagens kyrkje i 1860. Stavkyrkjestaden vart påvist (eller bekrefta) av Dagfinn Skre i 1982.[3]

Denne Paulus-figuren har ein gong vore i Svatsum stavkyrkje, men er no å finne i Oldsaksamlinga i Oslo.
Foto: Jan-Tore Egge

Gjenstandar frå kyrkja endre

Gjenstandar frå stavkyrkja vart overførte til tømmerkyrkja. Etter at Svatsum fekk ny kyrkje i 1860, vart materialar frå den gamle tømmerkyrkja brukt til å byggje Aulstad kyrkje, og det ser ut til at mykje av inventaret følgde med. Noko har seinare funne vegen til Oldsaksamlinga i Oslo[4], eventuelt via eit mellomopphold i Nordiska museet i Stockholm. Bland ting som er rekna å stamme herfrå, er ein Paulus-figur (truleg frå Balke-skolen, ca. 1250–1330)[5], ein madonnafigur[6] og eit krusifiks[7].

Fotnotar endre

  1. Gnr 85 i Svatsum, jf. Gardar i Gausdal.
  2. Enden (2010).
  3. Skre (1988), s. 62.
  4. Gjenstandane er typisk merka å vere frå Aulstad.
  5. Ifølgje jubileumshefte (1984) for Vestre Gausdal kyrkje, s. 21f., vart figuren kjøpt inn av Nordiska museet i 1881, for seinare — truleg i 1971 — å verte overlevert til Oldsaksamlinga. Enden (2010) stadfestar dette inntrykket.
  6. Formodentleg denne Arkivert 2020-02-22 ved Wayback Machine.
  7. Sand (1988), s. 12. Muligens C33288 Arkivert 2020-02-22 ved Wayback Machine. hos KHM. Ifølgje Enden (2010) skal det vere eit par krusifiks.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre