Svegssjön
62°1′27.649″N 14°14′28.936″E / 62.02434694°N 14.24137111°E
Svegssjön er ein innsjø i Härjedalen i Sverige. Han har namn etter den nærliggande byen Sveg. Svegssjön er ein kraftverksdam som oppstod då Ljusnan, Veman og Härjeån vart oppdemt i 1975. Innsjøen har eit areal på ca 60 km² og høgda varierer mellom 358 og 369 meter over havet.
Det finst to kraftverk i direkte tilslutning til sjøen. Det største anlegget, som omfattar sjølve Svegdammen, ligg i nærleiken av Sveg. Det mindre kraftverket, som vart bygget alt i 1919, ligg ved Kvarnforsen i Härjeån, der denne munnar ut i Svegssjön. Anlegget vart bygd om i 1966 og 2006, og er eigd av Härjeåns Kraft AB.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Svegssjön» frå Wikipedia på bokmål, den 14. juni 2012.