Ljusnan er ei elv i Midt-Sverige. Ho er 443 kilometer lang[1] med eit nedslagsfelt på 19 828 km².[2] Middelvassføringa er 230 m³/s.

Ljusnan
elv
Ljusnan ved Järvsö
Land  Sverige
Lengd 443 km
Middelvassføring 230 /s
Kart
Ljusnan
62°00′00″N 15°19′00″E / 62°N 15.316666666667°E / 62; 15.316666666667
Wikimedia Commons: Ljusnan

Elva spring ut i Ljusnetjärnen (1 149 moh) på sørsida av fjellet Haftorstöten ved riksgrensa, nordaust for Aursunden i Noreg. Elva mottar fleire sideelvar og renn gjennom Härjedalen og Hälsingland i ei hovudsakleg søraustleg retning. Ho munnar ut i Bottenhavet ved byen Ljusne. Dei største sideelvane er Voxnan, Veman og Härjån.

Ljusnan er sterk utbygd til produksjon av vasskraft, og det ligg i alt 18 kraftverk langs elva og sideelvane hennar, med ein samla produksjon i 2001 på 4,5 TWh. Ljusnan var tidlegare òg ei viktig fløytingselv.

Kjelder endre

  1. Vattendragsregister (SMHI) (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 21. juli 2006, henta 21. juli 2006 
  2. Län och huvudavrinningsområden i Sverige (SMHI) (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 28. september 2018, henta 19. juni 2012