Opna hovudmenyen

Sveltefôring var ein fôringspraksis der det vart gitt svært lite vinterfôr til dyra. Det vart sett på bås svært mange dyr i forhold til fôrmengda ein rådde over.

Ein vona at flest mogeleg skulle overleve vinteren. Det vart rekna som truleg at dyr kunne kome til å svelte i hel. Mange av dei som ikkje døydde vart så avmagra at dei måtte hjelpast ut or fjøset. På tysk har ein uttrykket «Schwanz-vieh» — 'halefe', dyr som måtte dragast ut etter halen, fordi dei ikkje kunne fote seg. Sveltefôring må ikkje forvekslast med vårknipa, då det kunne verte for lite dyrefôr, mot bonden sin vilje.

Sveltefôring var ein utbreidd praksis både i Noreg, i Norden og mange stader elles i Europa. I Noreg vart oftast hestane sparde for denne mishandlinga.

Kva tid denne fôringsmåten stammar frå er usikkert. Den avtok siste halvdel av 1800-talet, og har neppe vore praktisert på 1900-talet.

Det har vorte framsett ulike forklaringar på denne foringspraksisen:

  • Flest mogeleg storfe, sauer og geiter til å sende på beite, ville gi størst mogeleg avdrått.
  • Ein freista å ha flest mogeleg dyr om våren som kunne seljast når beitesesongen tok til.
  • I korndistrikta gav mange dyr mykje gjødsel, som var viktig for åkrane.

Uttrykka snaufôring, knappfôring og vedlikehaldsfôring beskriv og beviser knapp foring av dyra, og har delvis vorte brukte som synonym til sveltefôring.

KjelderEndra

  • Jord og gjerning Norsk lanbruksmuseum 1989. Anna Helene Tobiassen: «Sulteforing - nød, uforstand eller økonomisk strategi?»