Svend Olaus Stray

Norsk kjøpmann og stortingsmann

Svend Olaus Stray (29. september 180922. juli 1869) var ein norsk handelsmann frå Kristiansand som representerte byen på stortinga 1851 og 1859-60.

Svend Olaus Stray
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. september 1809
Død

22. juli 1869 (59 år)

Stray var son til ein kjøpmann. Sjølv var han handelsfullmektig i over 40 år. Han var medlem av bystyret i Kristiansand frå 1845, forlikskommissær, styremedlem i sparebanken frå 1855 og Noregs Bank si avdeling i Kristiansand frå 1863. Frå 1838 og livet ut var han kasserar for pensjonsselskapet «De gamle og efterladtes venner».

Gjennom heile 1850-talet var Stray ein av dei fremste kandidatane ved valtinga for Kristiansand. Til stortinget 1851 vart han såleis vald til 1. representant og til 1859-60-tinget til 3. representant. Han var i 1851 medlem i Næringskomite nr 1 og i Jarnbanekomiteen, i 1859-60 i Næringskomite nr 2.

Kjelder endre