Svenska Akademien
Svenska Akademien er eit litterært og språkleg selskap i Sverige med sete i børshuset i Gamla Stan i Stockholm. Akademiet vart grunnlagd den 20. mars 1786 av kong Gustav III. Føremålet for akademiet er å fremje den svenske litteraturen og det svenske språket eller som det heitte opphavleg «arbeta uppå Svenska Språkets renhet, styrka och höghet».[1] Svenska Akademien er kjend under namnet De Aderton fordi selskapet er sett saman av atten medlemmer.
Verksemd
endreInternasjonalt er Akademiet mest kjend for utnemninga av Nobelprisvinnarar i litteratur. Til dei prisane som akademiet årleg eller jamleg deler ut, høyrer den norsk-svenske Doblougprisen og Akademiet sin nordiske pris.
Selskapet gjev jamleg ut Svenska Akademiens ordlista över svenska språket. Denne ordlista tek sikte på å atterspegla språket i samtida. Sidan 1786 har akademiet arbeidd med ei historisk ordbok over det svenske språket, eit fleirbindsverk som enno ikkje er ferdig utgjeve. Ein reknar med at siste band i ordboka kjem i 2017.
Medlemskap
endreSvenska akademien har 18 medlemmer. Nye medlemmer vert valde inn etter hemmeleg avstemming mellom akademiets medlemmer. Kvart medlem sit på livstid og det er ikkje råd å avseie seg medlemskapet. Eit medlem kan bli kasta, om han til dømes bryt mot teieplikta og røper noko frå Akademiets interne drøftingar. Akademiet har ein fast sekretær (sv. ständig sekreterare). Sekretæren er akademiets talsperson. Kvart akademimedlem har sin nummererte stol.
Noverande medlemmer
endreDei noverande medlemmene ordna etter stolsnummer er:
- Lotta Lotass, forfattar, innvald 2009
- Bo Ralph, professor, innvald i 1999
- Sture Allén, professor, innvald i 1980, fast sekretær 1986-1999
- Anders Olsson, professor, innvald i 2008
- Göran Malmqvist, professor, innvald i 1985
- Tomas Riad, professor, innvald i 2011
- Sara Danius, professor, innvald i 2013
- Jesper Svenbro, forskar/poet, innvald i 2006
- Ledig per 2017
- Peter Englund, professor, forfattar, innvald i 2002, fast sekretær
- Klas Östergren, forfattar, innvald i 2014
- Per Wästberg, forfattar, innvald i 1997
- Sara Stridsberg, forfattar, innvald i 2016[2]
- Kristina Lugn, forfattar, innvald i 2006
- Kerstin Ekman, forfattar, innvald i 1978, (sida 1989 deltek ikkje Ekman i Akademiet sitt arbeid)
- Kjell Espmark, professor, innvald i 1981
- Horace Engdahl, professor, innvald i 1997, fast sekretær 1999-2009
- Katarina Frostenson, forfattar, innvald i 1992
Bakgrunnsstoff
endre- Svenska Akademien si heimeside
- SAOB, Svenska Akademiens ordbok online
- SAOL, Svenska Akademiens ordliste online
- Artiklar om alle noverande medlemmer av Akademien
Kjelder
endre- ↑ http://www.svenskaakademien.se/Templates/Article1.aspx?PageID=539af8f0-1bed-4b22-abee-490c4dd14a91
- ↑ «Ny ledamot i Svenska Akademien». Svenska Akademien. Henta 20. august 2016.