Gustav III av Sverige

(Omdirigert frå Gustav III)

Gustav III (13. januarjul./ 24. januar 1746greg.29. mars 1792, drepen) konge av Sverige frå 1771 til 1792.[1] Gustav III var son av Adolf Fredrik av Sverige og Lovisa Ulrika av Preussen. Han var far til Gustav IV Adolf, og bror til Karl XIII av Sverige, syskenbarn av Katarina II av Russland. I 1766 gifta han seg med Sofia Magdalena av Danmark (1746-1813).[1]

Gustav III

Gustav III i kroningsdrakt måla av Alexander Roslin
Konge av Sverige
Regjeringstid12. februar 1771–29. mars 1792
Fødd13. januarjul./ 24. januar 1746greg.
FødestadWrangels palass i Stockholm
Død29. mars 1792 (46 år)
DødsstadStockholms slott
GravstadRiddarholmskyrkan
FøregangarAdolf Fredrik av Sverige
EtterfølgjarGustav IV Adolf av Sverige
Gift medSofia Magdalena av Danmark
Motto«Fäderneslandet»
FarAdolf Fredrik av Sverige
MorLouise Ulrike av Preussen

Kongen blei skoten under eit maskeradeball i operaen 16. mars og døydde 13 dagar seinare.[1]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 Beth Hennings. «Gustav III». Svenskt biografiskt lexikon / Riksarkivet. Henta 13. mars 2015. 
  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.