Sverre Aasland

norsk arkitekt

Sverre Aasland (fødd 1899, død 1989 el. 1990[note 1]), òg Sverre Lasanda, var ein norsk funksjonalistisk arkitekt. Han er særleg kjend for sitt samarbeid med Arne Korsmo og saman skapte dei mellom anna Villa Dammann i Havna allé 15 i Oslo. Bygget fekk Houens fonds diplom for god arkitektur i 1937.

Sverre Aasland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. juli 1899
Christiania
Død

23. april 1990 (90 år)
Sveits

Yrke arkitekt
Sverre Aasland på Commons
Villa Dammann i Havna allé 15 i Oslo, teikna av Arne Korsmo og Sverre Aasland og reist i 1932 for grosserar Axel Dammann.
Foto: Nina Aldin Thune

Aasland vart utdanna ved Technische Hochschule i München og tok diplomeksamen i 1926. I åra 1928-1935 dreiv han arkitektfirmaet Aasland og Korsmo i lag med Korsmo.

Fotnotar

endre
  1. Eirik T. Bøe skriv 1989 i artikkelen i Store norske leksikon, Arne Gunnarsjaa skriv 1990 i Arkitekturleksikon side 879.

Kjelder

endre