Sverre Brandhaug

norsk fotballspelar

Sverre Brandhaug (fødd 22. juni 1959) er ein tidlegare fotballspelar frå Trondheim, særleg kjend for sine 11 sesongar i Rosenborg Ballklub. Han var ein framifrå offensiv midtbanespelar, defensivt bidrog han mindre.

Sverre Brandhaug
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. juni 1959 (64 år)
Trondheim
Idrett fotball
Utmerkingar

Olavstatuetten, Kniksens hederspris

Klubbspel endre

Brandhaug spelte på Strindheim i perioden 1977–80 der han var midtspiss. Etter sesongslutt 1980 vart han overført til Rosenborg BK mot kr 30 0000. Snøgt vart han den sentrale offensive kraft på klubben si midtbane. Han vart toppskårar i 1. divisjon 1984 med 13 mål. Frå 1987 var han kaptein på laget. Brandhaug la opp etter semifinalen i fotball-NM 1991, då han sleit med sterke smertar i ryggen. Brandhaug spelte 225 seriekampar og skåra 84 seriemål for Rosenborg.

Landslagsspel endre

Brandhaug deltok i 35 landsdkampar for Noreg i tida frå hausten 1981 til 1991. Han skåra to landslagsmål, eitt mot Italia i 1988 og det andre mot Kypros i 1990.

Ymse endre

Brandhaug vert hugsa for sitt gode humør og for alltid å spele med skjorta utanfor buksa. I 1991 vart han tildelt både Olavstatuetten og Kniksenprisen.

Merittar endre

  • Seriemeister: 1985, 1988 og 1990 med Rosenborg
  • Noregsmeister: 1988 og 1990 med Rosenborg

Kjelder endre

fotball.no