Sverre Norborg

Norsk og USA-amerikansk forfattar, prest og filosof

Sverre Norborg, opphavleg Kristofer Sverre Kristoffersen, (1. mai 190213. april 1983) var ein norsk-amerikansk prest og forfattar frå Oslo. Han var ein svært produktiv skribent som gav ut ei mengd bøker, både på norsk og engelsk.

Sverre Norborg
Fødd 1. mai 1902
Oslo
Død

13. april 1983 (80 år)
Dunedin

Yrke filosof

Norborg var son til ein Frelsararme-offiser og misjonsleiar. Sjølv vart han utdanna cand.theol. frå Menighetsfakultetet i Oslo i 1925, og var åra 1929-33 sjømannsprest i New York. Boka Sjøliv og sjømenn kom frå hans hand i 1931. Medan han var generalsekretær i Norsk Søndagsskoleforbund 1934-36, tok han i 1935 ved Universitetet i Oslo doktorgarden i filosofi på eit arbeid om den USA-amerikanske tenkaren Josiah Royce. Frå 1938 underviste han i filosofi ved University of Minnesota i ti år.

I tida 1948–68 var Norborg prest i Chicago, fyrst ved Den Norske Lutherske Minnekirke og sidan på Norwegian American Hospital. Deretter budde han nokre år i Noreg. Frå unge år handde han beundra Hans Nielsen Hauge, og gav i 1966 og 1970 ut eit omfattande biografisk verk om reformatoren og samfunnsbyggjaren frå Tune. Hans siste bok, Vekkeren fra Aremark frå 1979, er ein biografi om Ole Hallesby.

Norborg døydde i Dunedin i delstaten Florida.

Kjelder endre